{{percent}}%

Ytst i Sunnfjord – lengst vest mot havet – ligg Flora. Denne vidsveimde og vakre kommunen med den eldste byen i Sogn og Fjordane. Klar for litt våt moro i sommar?

At naturen har vore gåvmild med Flora er det liten tvil om. Ein finn eit landskap som på mange måtar er eineståande og prega av store kontrastar. Her får du oppleve variert landskap frå karrig og barsk kystnatur til frodige fjordstrok og lune innlands­område. Knapt nokon stad i dette landet har slik ei spennvidd og slikt eit mangfald som denne “Byen i vest”, og om nokon stad skulle kunne kallast “eit stykke Norge i miniatyr” så må det vere Flora med sitt skiftande lende frå storhav til bre.

undefined
Kvar sommar er det moro og leik i havgapet.

“Festivalen Våt Moro og Liverpool-helg er tre dagar til ende med fest og moro, der fotball, hav og storslått natur står i høgsete” 

Og finn ein mange naturperler i sjølve Florø, så er dei ­ikkje færre i skjergarden omkring. Lengst vest av sunnfjordbyen ligg skjergarden, der storbåra bryt mot ein naken og forblåsen kyst. Men straks ein kjem i le av øyane, kan ein finne smilande ­idyllar med holmar og sund som på det blidaste Sørland. Med eit slik grannelag er det også naturleg at florøværingane har ein særleg sans for dette med sjø og båtliv.

FESTIVALSOMMAR

Den store dragninga havet har på folket i vest er noko Våt Moro-festivalen brukar for alt det er verdt. Kvar sommar inviterer havsportsfestivalen med det sjølvforklarande namnet, folk til moro og leik i havgapet. Den tre år gamle fest­ivalen har blitt tatt varmt i mot av byborgarane og appellerer til folk i alle aldrar. Sjeldan ser ein florøfolk så engasjerte og involverte. Sidan opningsstuntet i 2012, då balansekunstnarane Peter Edderkopp og Eilif Rosnæs innleia festivalen på det spek­takulære slaget ved å gå på slakk line mellom dei to toppane på fjellformasjonen Kinnaklova, har festivalen gong på gong tatt pusten frå lokalbefolkninga. Det er primært ein aktivitets­festival der deltakarane mest av alt er ein del av festivalen være det seg sky diving over det majestetiske Floralandet, havrafting i skjergarden eller paragliding over Hellefjorden. Våt Moro har eit rikhaldig program og to til tre tusen menneskjer deltek årlig på den sommarslege leiken i havgapet.

Helga 9.-13. juli vert utan tvil største høgdepunkt i Florø denne sommaren. Den populære Liverpool-helga i regi av Tage Herstad er tilbake på tapetet etter fleire års pause. Florømannen som lever i eksil i Liverpool, arrangerte i ei årerekke ­“FotballFlora” som fekk Liverpool-tilhengarar over heile landet til å strøyme til kystbyen. Som Våt Moro er det eit arrangement som har treft florøborgarane midt i hjarterota. Det vart nærast vurdert om ein skulle innføre venstrekøyring i sentrum av ­Florø dei dagane festivalen varte for å bygge opp om den anglofile skya byen svevde på. Liverpool-legender som Ian Rush, Steve McManaman, Jan Mølby, Bruce Grobbelaar og Phil Neal var fast inventar når Herstad sette seg på flyet vestover for å male byen raud. Til dei lokale si store begeistring har Herstad valt å starte opp att den populære festivalen, og i år blir det mogleg for supporterar sjølv å spele mot Liverpool-legendene. Festivalsjefen har og fått hyra inn det lovande Liverpool-­bandet The Hummingbirds, samt coverbandet The Betales til dei heil­raude anglofile dagane i Florø. Der skal dei i kappestrid mot Florø sitt eige juniorlag. I år fell dei to festivalane på same dato, så om ein er glad i fotball og likar fart og moro er det ingen ­annan plass ein bør vere. Tre dagar til ende med fest og moro, der fotball, hav og storslått natur står i høgsete.

undefined
Frå opningsstuntet i 2012, då balansekunstnarane Peter Edderkopp og Eilif Rosnæs innleia festivalen ved å gå på slakk line mellom dei to toppane på fjellformasjonen Kinnaklova.

“Florø er ein by som er tufta på det enorme sildefiske som fann stad utanfor kysten for over 150 år sidan.”

TOPPTUR-ELDORADO

Innanfor den sundskorne kysten greiner det seg lange og tronge fjordar med trivelege grender. Her ligg ville og vakre fjellområde med svimlande stup og djupe dalar, som gjev dei beste vilkår for jakt, fotturar og anna friluftsliv. Denne veldige fjellheimen har også sine toppar der ein kan oppleve storslegne panorama over det meste av Flora og enda vidare. Her er vassdrag med brusane elvestryk og buldrande fossar – og små blinkande fjellvatn der auren vaker i sommarkveldane. Til og med ein isbre ligg innanfor kommunegrensa – med ein arm av Ålfotbreen, som med sin evige is har vorte eit populært og freistande turmål.

Når ein kjem reisande skipsleia langs den nakne og vêrslitne Vestlandskysten, vert mange forundra over den frodige naturen kring ­Florø. Her vert steinlandskapet ­avløyst av eit meir grøderikt lende, der Florø ligg innramma mellom vakre fjell og lune skogkledde åsar. Det meste av denne skogen er planta, og ein finn her eit godt døme på ­korleis ein kan “kle kysten”. Plantinga tok til berre nokre år etter at byen vart grunnlagt i 1860. På og ved Storåsen og Lilleåsen – eit steinkast frå bykjerna – finn vi difor i dag dei fleste treslag som kan vekse på Vestlandet. Mange av dei er no over 100 år gamle kjempetre som i dobbelt tyding har sine røter attende til byen sine første år.

TRADISJONAR

Mykje kunne seinast om florøværingane – om deira måte å vere på, om deira lynne og særdrag – dette ­einaste “folkeslaget” i Sogn og Fjordane som tradisjonelt med rette kan kalle seg byborgarar, og som resten av fylket difor helst har sett på som “noko for seg sjølv”.

Florøfolk er kjende for å vere mellom dei største lokal­patriotane i landet – og ligg slett ikkje langt etter bergensarane på det området. Uttrykket “Norges vestlegaste og festligaste by” er velkjent, og ingen ektefødd Florø-borgar lar ein einaste sjanse gå frå seg til å marknadsføre byen sin under dette slagordet.

Eit typisk trekk ved folk i Florø er at dei held oppe tradi­sjonane frå byens eldre tider. Mange av høgtids- og merkedagane vert feira og markerte på ein spesiell måte, slik florø­borgarane har gjort det i generasjonar. Vi ser det på 17. mai, vi opplever det på Sildebordet og ikkje minst på nyttårsaftan når Kjippen trommar gjennom bygatene.

Florø er ein by som er tufta på det enorme sildefiske som fann stad utanfor kysten for over 150 år sidan. Kvart år vert det i Strandgata, hovudgata som går gjennom byen, set opp eit langbord der byens borgarar strøymer til for å minnast sine røter. Steikande sol, fossregn eller storm, florøfolket møter opp. Rekordåret var i 1998 då The Dubliners spelte for over 12 000 menneske medan dei inntok havets sølv. Men den mest nidkjære tradisjonen er Kjippen. Når klokka er slagen tolv på nyttårs­aftan strøymer feststemte florøværingar til hovudgata i byen der dei fossar gjennom sentrumsgatene som ein tsunami av vakker galskap. Tradisjonen tru kjem ein med usensurerte, dog humoristiske stikk til dei som har markert seg gjennom årets gong, ved plakatar og merkverdig dekorerte byggverk som blir båre gjennom toget. Som ein renselseprosess vert desse doningane og plakatane brent på bålet og ein helsar det nye året velkommen.

ØYGARDEN

Flora kommune har ei lang kystlinje. Langs den vêrharde Sunnfjordleia ligg eit storslege øyrike som dekker til saman over 100 kvadratkilometer med smått og stort. Frå Frøysjøen i nord til Stavfjorden i sør ligg øyane på rekke og rad – øyar som alle har sine særdrag. Med sine konturar er dei godt kjende av folk som reiser mykje langs Norskekysten. Dei ligg der som ein siste ­utpost mot Nordsjøen, nokre nakne og havskurte – merkte av storbåra og nordvesten – andre er meir frodige og uventa grøderike til å vere så langt vest i havet.

Mange av desse øyane er nokså høge og brattlendte, men nede langs strandkanten har folk likevel funne seg ein liten jordflekk og klort seg fast med hus og heim. Kvar sommar når Veikingkonvoien kastar loss valfartar florøfolket til dei idylliske øyane ute i havgapet.

Veikingkonvoien såg dagens lys i 1997 og var ein ­lokal miniatyrutgåve av den meir kjende Vikingkonvoien som sette ut på det mektige Atlanterhavet frå Florø mot Island, via Shetland og Færøyane.

“Veikingkonvoien er for dei som ser døden i kvitauget når det bles ein flau bris inn frå vest, og oftast sjanglar ein like mykje av det som er konsumert frå det lokale bryggeriet, som av bølgene som slår mot fartøyet.”

Dette er konvoien for dei som ser døden i kvitauget når det bles ein flau bris inn frå vest, og oftast sjanglar ein like mykje av det som er konsumert frå det lokale bryggeriet, som av bølgene som slår mot fartøyet. ­Veikingkonvoien er komen for å bli og i toppåret gjekk heile 220 båtar i konvoi mot Svanøy og Askrova i dorgefart med gitarspel, allsong og nakne tær duppande i sjøskorpa. Som Kjippen er Veikingkonvoien blitt ein tradisjon som vanskeleg kan brytast og med ei påmeldingsavgift som følger brevposten er det ein overkommeleg pris på moroa. Årets avgift ligg an til å komme på 10 kroner, med atterhald om at båtar over 30 fot må betale dobbel avgift, medan kajakkar går som B-post.

At tradisjonar alltid har stått sterkt i Florø er det ingen tvil om. Ei heller det sterke bandet florøfolk har til havet og fjella som omkransar Norges vestlegaste by. Få stadar i Norges land finn ein eit folk som er like stolte og kry over byen som ytst i Sunnfjord. Så ta turen, reis til Florø og opplev alt denne “Byen i vest” har å by på.

BO

Comfort Hotell

Midt i sentrum finn du Comfort Hotell som er eit nyoppussa hotell med eit urbant design.
choicehotels.no

Quality Hotell

Quality Hotel Florø ligg vakkert til i sentrum av kystbyen Florø med gjestehamna som næraste nabo. Hotellets maritime interiør skapar ei unik atmosfæren og ein har utsikt over Florøvika.
choicehotels.no

Batalden Havbu

På øya Store Batalden i skjergarden vest for Florø kan du suge inn atmosfæren på eit eldre gards- og fiskebruk kombinert med moderne komfort. Batalden Havbu tilbyr losji med sjølvhushald for turistar og bedrifter og ei kulturhistorisk ramme rundt dag- og kvelds­arrangement.
bataldenhavbu.no

SPISE

Lille Marked

Kafé, delikatesse- og fetevare­forretning i Strandgata. Kokken Gitte Kroppan hadde fem års erfaring frå "Colonialen kjøkken & fetevare" i Bergen da ho starta Lille Marked i 2012. Populært konsept og ein triveleg samlingsplass for folk i Florø.

undefined

Fly til Florø
Finn billetter